Solund barne- og ungdomskule, med om lag 65 elevar og 20 tilsette, ønskjer seg lærar.
Skulen ligg i kommunesenteret, Hardbakke, med nærleik til sjø og anna kystnatur.
Vi har eigen skulebåt som vert nytta av både barnehagen og SFO.
I august 2025 flyttar vi inn i nytt skulebygg, med arbeidsrom til alle tilsette, spesialrom og undervisningsrom til ungdomskuletrinna, og vi får eit tidsriktig bibliotek.
Dette seier Eivind som er tilsett og nyutdanna lærar: Noko av det eg vil trekke fram er dei erfarne lærarane som arbeidar her.
Dei kan ein tileigne seg kunnskap av, og dei er alltid villige til å dele og støtte.
Det er alltid nokon ein kan vende seg til å spørje om hjelp, og denne hjelpa er alltid god å ha.
På Solund barne- og ungdomsskule møter ein kollegaer som set pris på deg og er glad for å sjå deg på jobben. Det er rom for å prøve og feile.
Du blir akseptert som nyutdanna og du blir sett på som éin av dei tilsette, ikkje som ein «outsider» sjølv om du ikkje har lik erfaring som dei andre.
Vi ønskjer oss lærar
Solund barne- og ungdomskule kan tilby
Elevrådet fortel
Vi har varmt fellesmåltid for alle trinn.
Det vert servert ulike rettar; ostesmørbrød, havregrynsgraut, taco, fiskeburger, ovnsteikt laks med poteter og salat, mm.
Fellesmåltidet er organisert med 2 måltid pr månad for alle trinn.
Vi får nytt skulebygg i august 2025.
Det skal verte kjekt å få eit nytt å fint skulebygg og vi gleder oss til eit nytt og fint uteområde!
Vi har fleire kjekke tradisjonar, som for eksempel Santa Lucia der 6.trinn, som har mat og helse, har ansvar for å bake Luciakaker og dele ut til medelevar, fotballturnering om våren og samarbeidet med barnehagen og fadderordninga med dei som skal begynne på skulen.
Kva seier noken av dei tilsette
Endre, digitalpedagog: Dette er ei stilling som vart til når Covid slo til, og som har blitt vidareført hos oss.
Funksjonen i stillinga har blitt til etter trong.
Eg fungere som ein digital vaktmester for å løyse små utfordringar som set stopper her og no, men har også, og alltid, fokus på utvikling.
At ordet "pedagog" er med viser at funksjonen og arbeidsoppgåvnene er langt meir enn å løyse problem som oppstår her og no.
Det er viktig å gi dei tilsette idear til digitale løysingar som kan skape produkt, og opplæring til elevane i korleis dei kan bruke digitale løysingar til å skape og utforske.
Kjetil, ufaglært lærar: For meg var det å begynne å jobbe på skulen veldig annleis enn det eg har jobba med tidlegare.
Eg vart veldig godt motteken av dei tilsette, og vart fort sett inn i oppgåver der eg fekk delta aktivt i undervisningsopplegg og ikkje vart sittande som passiv assistent. Eg har heilt sida starten blitt oppmoda til å vurdere å utdanne meg til læraryrket, noko eg vurderer. Eg trivst veldig godt på arbeidsplassen og med mine nye medarbeidarar.
Gunnlaug, rektor: Personalgruppa er samansett med mange år med undervisningserfaring, ulik kompetanse, aldersvariasjon og mykje vilje.
Vi er ein liten skule med mange mogelegheiter samstundes som vi møter mange av dei same opplevingane som elles i skule-Norge.
Her finn du meir
Solund Nyheter på facebook: Solund nyheiter
Solund barne- og ungdomskule instagram
Kva skjer på fritida?
Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg informasjon.
Du kan be om at namnet vert unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf.
§ 25 i offentleglova.
Om kommunen ikkje kan innvilge søknaden, vil du bli varsla før søkjarlista vert ferdigstilt.
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stilling, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.