Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Vi søkjer dyktige og entusiastiske fagarbeidarar/assistentar. Er det deg?

Vil du bidra til å skape gode dagar for barn og unge ved Hildre Montessoriskule?

Frå og med 01.08.24 blir det ved Hildre Montessoriskule ledig 2x70% vikariatstilling som fagarbeidar/assistent.

Hildre Montessoriskule er ein privatskule med mange lærelystne barn og motiverte og trivelege tilsette.
Vi arbeider for å utvikle læring gjennom montessoripedagogikken og treng difor kompetente, engasjerte og nytenkjande medarbeidarar som er stolte av faget sitt og som kvar dag brenn for å legge til rette og å bringe fram det beste i kvart enkelt barn.

Om stillinga

• 1x70% stilling som fagarbeidar/assistent med oppstart 01.08.24 med varigheit ut skuleåret 2024/25 med høve for forlenging

• 1x70% stilling som fagarbeidar/assistent med oppstart 01.08.24 med varigheit til 31.12.24 med høve for forlenging

Arbeidsoppgåver:

• Bidra i daglege aktivitetar og vere ein støttespelar for både elevar og lærarar i skulekvardagen

• Bidra til eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø

• Bidra til ein aktiv og positiv SFO

• Delta på turar, utflukter og arrangement

• Bidra til eit godt samarbeid med føresette, som skapar tryggleik og tillit

• Tett samarbeid med kollegaer

Dine faglege kvalifikasjonar:

• Fortrinnsvis fagabeidar i barne- og ungdomsarbeiderfag

• Dyktig i norsk språk, både munnleg og skriftleg.
Anna morsmål kan også telje positivt.

• Ønskeleg med erfaring med barn med ulike utfordringar

Dine personlege eigenskapar:

• Du er initiativrik, strukturert og sjølvstendig

• Du har god formidlingsevne

• Du er ein tydeleg vaksenperson og god rollemodell for elevane

• Du handterer endringar og utfordrande situasjonar

• Du bygger gode relasjon med barn og mellom barn

• Du arbeider godt saman med andre

• Du er fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver

• Du bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø for barna og for vaksne

• Du trivast med både innandørs- og utandørsaktivitetar

• Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

• Lønn etter gjeldande tariff

• Arbeidstidsordning etter sentralt avtaleverk

• Gode pensjons- og forsikringsordningar

• Utfordrande og spennande oppgåver

• Geografisk område i vekst

• Høve for varig tilsetjing ved behov

• Eit skulemiljø med engasjerte kollegaer, føresette og skuleeigarar

• God oppfølging av konseptansvarleg og rektor

Det krevjast godkjend politiattest for arbeid i skulen.

For meir informasjon, sjå heimesida www.hildreskule.no, for spørsmål og søknad ta kontakt med:

Steffen André Kråkenes (dagleg leiar/rektor) på 91 19 13 34 og e-post: steffen.krakenes@hildreskule.no

Søknadsfrist: 05.05.24

Hildre Montessoriskule Sa


Hildredalsvegen 40
6272 Haram
Norge
webbsida: hildreskule.no
antal lediga platser: 2
publicerad: 2024-04-19
Skoleassistent
Deltid
start: 2024-08-01
Vikariat
epost
sista ansökningsdag: 2024-05-05
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se