Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Logoped 

2.
gongsutlysing


Ønskjer du deg ein spennande, interessant og viktig jobb? Stad kommune har ledig 100% fast stilling som logoped frå 01.08.2024.

Stillinga inngår i pedagogisk ressursteam og tenestestad er barnehagane i Stad.
Styrar ved Gjerdane barnehage er næraste leiar.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre dagleg oppfølging og opplæring av barn med særskilde behov
  • Arbeide systematisk og målretta med pedagogisk utviklingsarbeid
  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
  • Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i logopedi, gjerne i kombinasjon med barnehagelærarutdanning
  • Formell kompetanse eller realkompetanse innan alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er ønskjeleg
  • Førarkort klasse B, og disponering av bil
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg

Søkjarar med anna spesialpedagogisk utdanning kan bli vurdert for mellombels tilsetjing som pedagog dersom vi ikkje får rekruttert kvalifisert logoped.
Arbeidsgjevar kan leggje til rette for utdanning som logoped.

Personlege eigenskapar

  • Du tek initiativ, har gode samarbeidsevner og kan jobbe sjølvstendig
  • Du kan syne til stabilitet og kontinuitet over tid
  • Du har evne til å sjå det enkelte barnet
  • Du kan handtere ei større barnegruppe
  • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
  • Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn

Vi tilbyr

  • Ein spennande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar 
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Stad kommune har seks månader prøvetid.
Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden.
Vi ønskjer at du oppgir referansar.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med styrar i Gjerdane barnehage: Tove Hanebrekke Starheimsvik.

Kontaktinformasjon

Tove Hanebrekke Starheimsvik, styrar Gjerdane barnehage, 95 21 58 29, tove.hanebrekke.starheimsvik@stad.kommune.no
Harald Sivertsen, kommunalsjef oppvekst og opplæring, 98 07 98 73, harald.sivertsen@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Fossevegen 2
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4790107548
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2024

Stad kommune


Fossevegen 2
6770 Stad
Norge
epost
webbsida: stad.kommune.no
publicerad: 2024-04-18
Logoped
Heltid
Fast
epost
sista ansökningsdag: 2024-05-06
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se