Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

2 stillingar à 100% som sakshandsamar ved Byggesak

2 stillingar à 100% som sakshandsamar ved Byggesak

 

Arbeidsoppgåver:

Me har no 2 ledige stillingar som sakshandamar på byggesak.

 

Stillinga ligg til verksemd for byggesak, kart og oppmåling i Ullensvang kommune.
Verksemda har felles leiar med landbruk, havbruk og skogbruk.
Verksemda har i dag omlag 12 tilsette - av desse jobber pr i dag 6 personar med byggesak.
Grunna overgang til nye stillingar, vert det no 2 ledige stillingar på byggesak.

 

Avdelinga har tilsette med ulik fagleg bakgrunn, noko som gjer ein rusta til å løyse komplekse oppgåver.
På byggesak jobbar ein med mange spanande saker og problemstillingar.
Me handterer eit stort lovverk, og samarbeidar med fleire instansar både internt og eksternt. 

 

Vår oppgåve er å sjå til at regelverket og vedtatte planar vert fulgt, samt å drive tilsyn og ulovlegheitsoppfølging, Stillinga kan og verte tillagt andre oppgåver ved behov.

 

Ullensvang kommune nyttar per dags dato Acos websak og kommunekart.com.
Kjennskap til desse programvarene vil vere ein fordel, men opplæring vil bli gitt.
Me har stor tru på å dele kunnskap og spele kvarandre betre, så stillinga passar godt både for nyutdanna og erfarne. 

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelornivå, fortrinnsvis jurist, ingeniør, arealplanleggar.

  • Relevant erfaring vil i visse tilfelle kunne vege opp for manglande utdanning 

  • Kjennskap til plan- og bygningslova

  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg

  • God IKT-kompetanse

  • Bilsertifikat 

  • Gode digitale ferdigheiter

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

  • Er serviceinnstilt 

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk

  • Ynskje om å bidra til å utvikle kommunen

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

 

Me tilbyr:

  • Fast 100% stilling

  • Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø

  • Lønn etter avtale

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

 

Informasjon om vidare prosess

Ta gjerne kontakt med verksemdsleiar for meir informasjon.

 

Me ynskjer ikkje kontakt med annonsører. 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Ullensvang kommune Byggesak, kart og oppmåling


Opheimsgata 31
5750 Ullensvang
Norge
publicerad: 2024-04-21
Heltid
Fast
sista ansökningsdag: 2024-05-12
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se