Ynskjer du å jobbe med økonomi i eit stort og framtidsretta fagmiljø? No har du sjansen til å bli ein del av jobbmagasinet.se Økonomiteneste på Leikanger.
jobbmagasinet.se Økonomiteneste er ein intern tenesteleverandør for lønns- og rekneskapstenester til jobbmagasinet.se. No styrkar vi laget med fast og mellombelse stillingar i seksjon for innkjøp, betaling og rekneskap.
Arbeidsoppgaver
Økonomiområdet i jobbmagasinet.se er i stadig utvikling, og vi har nyleg teke i bruk fleire nye digitale løysingar for å utføre oppgåvene meir effektivt og auke kvaliteten på tenestene våre.
Samtidig førebur vi oss på å ta i bruk statlege rekneskapsstandardar (SRS).
Seksjonen har spennande oppgåver innan bestilling, faktura og betaling på driftsområdet.
I tillegg har vi ansvar for utbetaling av stønader og andre rekneskapsoppgåver som til dømes avstemmingar og rapportering til statsregneskapet.
Vi har og ei viktig rolle med å jobbe forebyggande og gjennomføre analysar for å sikre god rekneskapskvalitet i heile etaten.
Oppgåvene dine vil kunne endre seg ut frå dine interesser og vårt behov for din kompetanse.
Kvalifikasjoner
- Økonomiutdanning på minimum bachelornivå
- Lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Gode digitale ferdigheiter
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Vi ønskjer at du har god økonomiforståing og kjennskap til statleg regelverk på området.
Du er velkomen til å søke både som nyutdanna eller om du har lang arbeidserfaring. Motivasjon for stillinga og personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.
Personlige egenskaper
- Du jobbar systematisk, effektivt og nøyaktig
- Du trivast med eit høgt tempo
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er utviklingsorientert og tek ansvar
Kven er vi?
jobbmagasinet.se Økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle jobbmagasinet.se sine statlege einingar.
Dette inneber mellom anna utbetaling av 560 mrd.
kroner i årlege ytingar, samt rettleiing for etaten sine 22 000 tilsette.
jobbmagasinet.se Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i jobbmagasinet.se.
Eininga består av 95 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.
Vi tilbyr
- Eit godt, inspirerande fagmiljø med spennande oppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Familievennleg personalpolitikk med gode velferdsordningar.
- Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og treningstime i arbeidstida.
- Lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnsspenn kr.
565 900 – 635 400 brutto pr år.
For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast - God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse
- Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor inntil to dagar i veka
Kontaktinformasjon
Torill Skårhaug, Fung.
seksjonssjef Innkjøp, betaling og rekneskap, 91521263, torill.skarhaug@jobbmagasinet.se
Arbeidssted
Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: jobbmagasinet.se
Referansenr.: 4805217885
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 12.05.2024