Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Velkomen som søkjar til eit ledig vikariat som universitetslektor i kunsthistorie i 50 % stilling frå 1.
august 2024 til 1.
april 2025 ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE).
Universitetslektoren skal undervise mest i KUN 107 Mellomalder, renessanse og barokk i høstsemesteret, men òg i andre emne der det trengst.
LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og 7 postdoktorar.
Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.
Av dei fast tilsette ved LLE arbeider for tida seks innanfor faget kunsthistorie.
I tillegg er det for tida fire ph.d.-stipendiatar og ein postdoktor i disiplinen.
I stillinga ligg det undervisning og undervisningsrelatert arbeid, i tillegg til noko administrasjon.
Som ein del av arbeidet, kan tilsette bli tildelt undervisings-, rettleiings- og sensoroppgåver innan kompetanseområdet sitt ved andre institutt.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift.
Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Den som vert tilsett, må ha:
Det er ein føremon med:
Det blir kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Søkjarar må også ha utmerka kunnskapar i engelsk.
Den som blir tilsett, må vere godt personleg eigna for stillinga.
Samarbeidsevner blir difor tillagt vekt.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenka på denne sida ”SØK STILLINGA”.
Søknaden skal innehalde ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga.
Dette må følgje søknaden:
Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
NB: Søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.
Søkjaren har sjølv ansvarfor å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, professor Anders Fagerjord på telefon 55 58 36 53 eller e-post anders.fagerjord@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga.
Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista.
Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.
Nærare om tilsettingsprosessen her.