Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Medarbeidar psykisk helse og rus

Er du interessert i å arbeide med psykisk helse og rus i kommunen? Har du høgskuleutdanning eller eventuelt anna relevant utdanning og erfaring innan dette feltet? Då kan du vere den vi leitar etter.


Vi søkjer ein engasjert og dyktig medarbeidar til eit vikariat i tenesta for psykisk helse og rus.
Det er 100 prosent vikariat ut 2025 med høve til forlenging i heile eller delar av stillinga.
Tenesta er ein del av helse- og koordinerande eining i sektor for velferd.
Vi held til i ein eigen fløy i same bygg som sjukeheimen.
Her er det kontor, samtalerom og dagsenter.
Du vil også ha oppgåver ute og heime hjå brukarar.

Vi er eit tverrfagleg team med sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar og barnevernspedagogar.
Vi arbeidar for å skape gode og berekraftige helsetenester for brukarane våre.

Arbeidsoppgåver

Som arbeidar i tenesta vil du ha desse arbeidsoppgåvene:

  • miljøterapeutisk arbeid på individ- og gruppenivå
  • ha støttesamtalar og rettleiing
  • samarbeide med andre fagfolk i kommunen og utanfor 
  • vere med på lågterskelarbeid som til dømes dagsenter og «opa dør»
  • rapportere og dokumentere arbeidet ditt
  • delta i utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

For å søke på stillinga ønsker vi at du har desse kvalifikasjonane:

  • minimum 3-årig høgskuleutdanning innan til dømes sosialt arbeid, sjukepleie, vernepleie, sosionomfag eller barnevern
  • vi opnar også for at andre med relevant utdanning og kompetanse kan søkje
  • helst vidareutdanning innan psykisk helse og/ eller rus. 
  • gjerne relevant erfaring 

Du bør ha førarkort klasse B og du må ha kunne framvise politiattest om du får tilbod om stillinga

Personlege eigenskapar

Vi ønsker at du har desse personlege eigenskapane:

  • du er imøtekomande og positiv
  • du bygger gode relasjonar og skapar tillit
  • du taklar krevjande og utfordrande situasjonar
  • du arbeider både sjølvstendig og i team
  • du er initiativrik og løysingsorientert
  • du har gode kommunikasjonsevner i norsk munnleg og skriftleg
  • du er personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr

Vi tilbyr deg:

  • eit godt arbeidsmiljø med fagleg og sosial støtte
  • varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • løn i samsvar med tariffavtale

Kontaktinformasjon

Kari-Janne Ljones Kulø, Einingsleiar, +47 99435473

Arbeidsstad

Hjellebakken 10
6060 Hareid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Hareid kommune

Referansenr.: 4804536381
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.09.2024
Søknadsfrist: 12.05.2024

Hareid kommune, Helse og koordinerande eining


Hjellebakken 10
6060 Hareid
Norge
webbsida: hareid.kommune.no
publicerad: 2024-04-24
Medarbeidar psykisk helse og rus
Heltid
start: 2024-09-02
Vikariat
sista ansökningsdag: 2024-05-12
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se