Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Ferievikarar 2023-Sjukepleiarar/sjukepleiestudentar - Kirurgisk poliklinikk, Førde sentralsjukehus

Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Førde.
Det er gode kommunikasjonsmoglegheiter til Oslo og Bergen, både med fly og buss.
Om du likar trening eller turar i skog og fjell er dette fasilitetar du har lett tilgjengelege.

Kunne du tenkje deg å jobbe på dagtid i sommar på poliklinikk med tett pasientkontakt, samt spanande og varierte oppgåver i eit triveleg miljø?

Vi treng sommarvikarar under hovudferieavviklinga, hovudsakleg frå veke 26 til og med veke 33 (27.06.2023 - 21.08.2023).
Du bør fortrinnsvis vere tilgjengeleg for opplæring i veka/vekene før veke 26, men oppgje i søknaden både når du er tilgjengeleg for oppstart og kor lenge du kan jobbe.

Arbeidstid: kl 08:00-15:30 måndag-fredag

Kirurgisk poliklinikk er ein flott arbeidsplass med ulike fagfelt og god variasjon i arbeidet.
Vi møter mange pasientar med ulike behov, anten etter henvisning frå fastlege, annan avdeling eller som skal til kontroll.
Fagfelta våre er gastro-, urologi-, endokrin-, mamma-, kar- og plastikkirurgi, og vi har 17 tilsette -  deriblant operasjonssjukepleiar, operasjonsplanleggar, stomisjukepleiarar, uroterapeutar og sjukepleiarar.
Vi samarbeider tett med ulike legespesialistar og sekretærar til det beste for pasientane.

Arbeidsoppgåver
  • Arbeid med fagfelta urologi, gastro, kar, mamma, plastikk og generell kirurgi.
  • Møte menneske i ulike fasar av sjukdomsforløpet som skal til utredning og/eller vidare behandling.
    Pasient er ofte henvist frå fastlegen eller annan avdeling eller kjem til kontroll etter behandling.
  • Førebu og assistere ved ulike behandlingar og operasjonar, og ivareta pasient før/under/etter behandlinga og i samband med ulike kontrollar.
    Alle operasjonar på polikinikken vert gjennomført i lokalbedøving.
  • Handtere instrument og utstyr før, under og etter undersøking og behandling.
  • Nokre sjølvstendige pasientkonsultasjonar som informasjon og planlegging av ulike operasjonar på sentraloperasjon og instillasjon av medikament i urinblære.
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar eller sjukepleiarstudent fortrinnsvis ferdig med minst ein sjukehuspraksis.
    Må ha minst 1 års fullført sjukepleiestudie.
  • Søkjar med erfaring innan kirurgisk fagfelt kan verte føretrekt
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
  • Sjøvstendig og ansvarsbevisst
  • Kan handtere varierte arbeidsoppgåver.
  • Fleksibel
  • Løysingsorientert og endringsvilleg
  • Engasjement for arbeidet
  • Må trivast i eit travelt og aktivt miljø
  • Positiv og samarbeidsvillig

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar og leiing
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår.
Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn.
Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.


Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane.
Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer.
Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a.
kommunane er høgt prioritert.
Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane.
Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.
Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

HELSE FØRDE Barne- og Ungdomsavdeling


6800 Sunnfjord
Norge
Karin Bruflot
Seksjonsleiar
+4757839219
antal lediga platser: 2
publicerad: 2023-01-30
Sykepleier
Heltid
start: Etter avta
Vikariat
sista ansökningsdag: 2023-02-12
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se