Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Seksjonsleiar

Du finn Volda midt i det beste Noreg kan tilby av fjord og fjell.
Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane  med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar.
Vi tilbyr også eit særs blomstrande kultur og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda.
Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn.
Sjå meir om Volda her: https://youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her: https://youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY

Medisinsk sengepost Volda har ledig fast stilling som seksjonsleiar frå 01.07.2024.

Sengeposten har 30 sengeplassar og tek imot pasientar med eit stort spekter av diagnosar.
Dette er ein arbeidsplass med god breidde i kompetanse.

Seksjonsleiar er med i klinikken si leiargruppe og samarbeider tett med dei andre seksjonsleiarane i Klinikk Volda.
Klinikksjef er næraste overordna.

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg drift i seksjonen og samarbeid med andre seksjonar
  • Fag-, personal- og resultatansvar
  • Ansvar for ressursstyring, sikre fagleg forsvarlege tenester, pasienttryggleik og kvalitet i seksjonen
  • Utvikle mål og handlingsplanar innanfor gjeldande rammer og strategiar
  • Aktiv deltaking i leiargruppa i klinikken

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter ein leiar med sjukepleiefagleg utdanning
  • Relevant leiarutdanning eller leiarerfaring vert vektlagt
  • Det er ønskjeleg med relevant klinisk erfaring frå fagområdet
  • God datakompetanse
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er ein synleg og tydleg leiar for dine tilsette
  • Du kan motivere og inspirere andre
  • Du kan arbeide i team med ulike profesjonar
  • Du er endringsvillig og handlekraftig
  • Du er nytenkande og løysingsorientert
  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Øyvind Nytun, Klinikksjef, 92807372

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4801357315
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024

Medisinsk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF


Kløvertunvegen 1
6100 Volda
Norge
webbsida: helse-mr.no
publicerad: 2024-04-18
Seksjonsleiar
Heltid
Fast
sista ansökningsdag: 2024-05-05
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se