Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Sokneprest i Indre Romsdal prosti  med Tresfjord, Vike og Vågstranda  sokn som særskild tenestestad.

Det er ledig stilling som sokneprest i Indre Romsdal prosti med Tresfjord, Vike og Vågstranda sokn som særskild tenestestad.

Stillinga har sokna Tresfjord, Vike og Vågstranda som særskilt arbeidsområde og soknepresten sit i desse sokneråda.
Heile Indre Romsdal prosti er tenestedistrikt.  Ein bør merke seg at prostigrensane er under revisjon og kan bli endra.

Den andre sokneprestenhar sete i Vestnes og Fiksdal sokneråd.
Begge prestane gjer teneste i heilesamarbeidsområdet.
Ein må også rekne med nokre tenester i prostiet for øvrig.

Det er kyrkjeverje i 100% stilling, 2 organistar itil saman 125% stilling, kontorfullmektig i 80% stilling, diakon i 100%stilling, trusopplæringsmedarbeidar i 80% stilling, samt klokkarar ogkyrkjetenarar i heil og mindre deltidsstillingar.
Prestane og dei fellesrådstilsettehar kontor- og stabsfellesskap ved kyrkjekontoret på Vestnes.
Kontora er lyseog trivelege.
Kontorbygningen inneheld også gruppe- og aktivitetsrom.

Tresfjord sokn, med om lag 1015 medlemmer, har eitradisjonsrik kyrkje bygd i 1828.
Rett ved kyrkja ligg kyrkjestova som eittenleg lokale.
Det er ca 22 gudstenester i året i Tresfjord sokn.  Vike sokn, med om lag 331 medlemmer, har eiarbeidskyrkje frå 1970. Det er ca 16 gudstenester i året i Vike sokn.   Vågstranda sokn, med om lag 395 medlemmer, har ei kyrkje frå 1870 på Vågstranda og har ca 10 gudstenester i året.


Det vert regelmessig halde friluftsgudstenester i dei fleste sokna.
I samarbeidsområdet er det fleire bedehus med god aktivitet.  Det er stor oppslutnad om dåp og konfirmasjon i alle sokna.
Kyrkjelydane har eigne diakoniutval.
Trusopplæringer organisert i alle sokna.
Mykje anna kyrkjebyggjande arbeid blir også gjortav uløna medarbeidarar.
Vestnes kommune har ein svært aktiv kulturskule.Kantoren har eit nært samarbeid med profesjonelle og andre song- ogmusikkutøvarar i gudstenester og til song- og musikkarrangement.

Språkforma i kyrkjene er nynorsk. 

Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter.
Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden.
Grunnane vil bli vurdert individuelt.
Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.


Arbeidsoppgåver

  • Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelydane.
  • Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid.
  • Prestane deler på gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett arbeidsplan, og har ein godt innarbeidd tenesteveketurnus.
  • Det vil så langt muleg bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane.
  • Soknepresten er med i beredskapsordning for prestane.

    Kvalifikasjonar

    • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting av sokneprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av menighetsprest".
    • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, som kan vise til gode leiareigenskapar og gode evner til samarbeid med kolleger og tverrfagleg. 
    • Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
    • Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje.
    • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til vigsling" (VTV).
      Ordinasjon føreset normalt fullført VTV.
    • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemsskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
    • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer.  Nynorsk vert nytta i kyrkje og skule.

    Personlege eigenskapar

    • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagde.
    • Kontaktskapande og inkluderande, og med evne til å bygge nettverk.
    • Sjølvstendig og strukturert.
    • Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
      Vere med å skape eit godt samarbeid med tilsette og med frivillige medarbeidarar.

    Vi tilbyr

    • Løn etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønsgruppe 1555 sokneprest.  Innskot i Statens pensjonskasse.
    • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette.
      Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv.
      og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
    • Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
    • Bedriftshelseteneste.
    • Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet.  Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.

    Anna

    • For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
    • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20.
    • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle nye tilsette.
    • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.

    Kontaktinformasjon

    Knut Bjune, Konst.prost, 47624061, Knut.bjune@rauma.kirken.no
    Anne-Marit Hagelund, Avdelingsleiar personal, +47 92235009

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Den norske kirke

    Referansenr.: 4783027610
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 07.06.2024

    Den norske kirke


    Myra 3
    6390 Vestnes
    Norge
    webbsida: kirken.no
    publicerad: 2024-05-21
    Sokneprest i Indre Romsdal prosti med Tresfjord, Vike og Vågstranda sokn som særskild tenestestad.
    Heltid
    Fast
    epost
    sista ansökningsdag: 2024-06-07
    erfarenhet:




    Källa: ArbetsAnnonser.se